Hans Martin Arnesen

Hans Martin Arnesen

EM Vektløfting 2016 - dugnad

Postet av Hans Martin Arnesen den 18. Sep 2015




Registrer deg for dugnad

EM 2016 treng mange frivillige. Gå til denne lenka og registrer deg. Om du ikkje veit svar på alle spørsmåla fyll inn så godt du kan. Kryss av for eit eller fleire tidspunkt og oppgåver du tykkjer høver for deg. Vær nøyen med å registrere rett mobiltelefonnummer og e-postadresse.

Når EM 2016 vert arrangert i Førde og Naustdal 10.-16.april 2016 er det den suverent minste plassen det nokon sinne har vore arrangert eit EM i vektløfting. Grunnen til at vi torer oss til med dette er at vi kjenner dugnadsånda i Sunnfjord, og i fylket.

Når vi har fått inn mange frivillige, og det nermar seg tida for gjennomføring, vil du bli invitert til dei ulike vaktene med tidspunkt og oppgåver. Om tidspunktet ikkje passar er det då du, og vi, gjer jobben med å fylle dei vaktene vi treng. Kan du ikkje på eit tidspunkt sender vi deg ny invitasjon til eit anna tidspunkt.

EM har som ambisjon å gå med overskot. I tillegg vil det ligge igjen mykje nytt løfteutstyr. Dette overskotet vil gå til eigaren, Tambarskjelvar IL.(TIL), som på si side er avhengig av dugnadshjelp og vil gjere avtaler med idrettslag i nærområde om dette, og korleis desse skal få att for dugnaden i form av pengar, eller utstyr, eller ein kombinasjon. For tilreisande som kjem lenger vekke frå arbeider vi med løysingar for å kunne tilby gratis kost og losji. Også her kan det vere aktuelt å dele utstyr som står i høve til innsatsen.

Vi vil gjerne at alle som er aktuelle for dugnadsarbeid registrerer seg/søkjer via dette systemet. Dette gjeld også medlemer frå arrangørklubben TIL, og andre klubbar det er aktuelt for oss å samarbeide med. Etter ei tid vil vi godkjenne søkjarar, og då vil vi stille tilleggsspørsmål til den informasjonen de gjev opp no i første omgang. Eit slikt tilleggsspørsmål vil vere om, og evt kva for idrettslag de tilhøyrer.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc